Soppen som gir epleskurv overvintrar som askosporar i gamalt bladverk på bakken. Han kan også overvintra som mycel og konidiesporar på årsskot og knoppar, men det har som regel lite å seia i godt stelte frukthagar. Askosporane vert kasta i regn og kan infisere nye blad, skot og frukter når tilhøva ligg til rette for det. Epleskurvvarslinga er i hovudsak basert på to modellar, der den eine omfattar tilhøve for å få infeksjon. Den andre omfattar modning og spreiing av askosporar frå gamle blad på bakken og viser kor mykje sporar som vert spreidd til ulike tider i sesongen og døgnet. Parametrane som vert brukt i epleskurvvarslinga er timeverdiar av temperatur (Tm/Tmf), nedbør (RR) og bladfukt (Bt/Btf/Btff).
Det må vera fuktige blad, skot eller frukter i eit visst tidsrom for at sporane til skurvsoppen skal kunne infisere, og kor raskt infeksjonen skjer er avhengig av temperaturen. Det er såkalla bladfuktsensorar som indikerer kor lenge bladverket er fuktig. Infeksjonstabellen, ofte kalla Mills' tabell, viser kor lang tid det tar før dei første sporane har infisert ved ulike temperaturar. Ved optimal temperatur, 16 - 22 °C, tar det 6 timar.
Infeksjonsfaren vert uttrykt ved hjelp av ein akkumulert verdi i form av eit tal større enn null. Talet aukar for kvar time med bladfukt. Når talet for infeksjonsfare passerer 90, vert varselindikatoren gul (mogleg fare). Når talet passerer 100, vert varselindikatoren raud - eit symbol på infeksjonsfare. Viss det har vore tørt i 8 timar, vert infeksjonsfaren nullstilt. Men viss det er tørt i mindre enn 8 timar mellom to infeksjonsperiodar, vert timane med bladfukt i dei to periodane lagt saman når infeksjonsfaren vert rekna ut.
I USA er det utarbeida ein modell for askosporemodning som er tilpassa norske tilhøve. Modninga er ein funksjon av akkumulert varmesum (sum graddagar [døgngrader], basistemperaturen er 0°C) frå ein bestemt startdato (= når dei første sporane er modne) og reknar ut kor lenge det er fare for infeksjon av askosporar. Ved lange periodar utan nedbør eller langvarig nattedogg (meir enn 7 dagar) vil akkumuleringa av døgngrader stansa. Døgngradeakkumuleringa vil starta igjen så snart det vert registrert nedbør. Mange eller lange periodar utan nedbør vil føre til ei forlenging av sesongen for infeksjon av askosporar.
I tillegg presenterer VIPS epleskurvvarsling frå RIMpro som er utvikla og vert levert av Marc Trapman, Bio Fruit Advies, Nederland. Dette er ei ekstern teneste, men baserer seg på klimadata frå stasjonane til Landbruksmeteorologisk teneste.
Figur 1. Skjermdump av varsel
Tabell 1. Infeksjonsrisiko basert på smittepress og sort.
Resistens hos sorten | |||
---|---|---|---|
Skurvangrep året før | Sterk | Middels | Svak |
Lite | Låg | Låg | Middels |
Middels | Låg | Middels | Høg |
Mykje | Middels | Høg | Svært høg |
Starttidspunkt: Grøn spiss i tidlegblomstrande eplesortar (til dømes Gravenstein og Summerred). Sluttidspunkt: Etter enda primærsesong (når modninga av askosporar har nådd 100%)
Nesten kvart år sidan 1989 har sporekasting av epleskurv gjennom sesongen blitt registrert av sporefeller plassert i ein eplehage på Ås. Vi har hatt liknande registreringar for nokre andre lokalitetar i Noreg også. Sporefellene har gitt data som viser når sporekastinga startar om våren, under kva vêrtilhøve sporane vert kasta, og når primærsesongen er slutt. Ein modell for sporemodning publisert i USA (Gadoury og MacHardy, 1982) er validert basert på data frå denne sporefella, og ein justert versjon av modellen tilpassa norske tilhøve er publisert (Stensvand et al. 2005). Seinare vart ulike modellar for modning og spreiing av askosporar hos pæreskurvsoppen (Venturia pyrina) undersøkt med data frå Noreg, Belgia og Frankrike (Eikemo et al. 2011), og den best tilpassa modellen var den som vi i dag brukar for epleskurv. Utfordringa med pæreskurv er at såkalla greinskurv, der soppen overvintrar som mycel og konidiesporar i årsskota, er langt viktigare enn for epleskurv. Spreiing av konidiar frå greinskurv varer gjerne lengre utover i vekstsesongen enn spreiing av askosporar frå det gamle bladverket på bakken.
RIMpro er det verktøyet som er mest nytta internasjonalt i varsling av epleskurv. RIMpro er basert på den same litteraturen som nemnt over, og vert årleg validert og revidert basert på ny forsking.
Håvard Eikemo - haavard.eikemo@nibio.no
Arne Stensvand - arne.stensvand@nibio.no
Linja for akkumulert Mills-verdi viser utvikling i infeksjonsrisiko. Når den passerer 90 vert bakgrunnen gul (mogleg fare for skurvinfeksjon) og når den passerer 100 vert bakgrunnen raud (fare for skurvinfeksjon). Linja kalt "Askosporemodning" viser akkumulert sporemodning, og modellen vert avslutta når denne passerer 100. Stipla kvit linje er notid, og varsel til høgre for denne er basert på verprognosar.
Følgende inputdata kreves:
startDateAscosporeMaturity - Datoen for når man skal starte beregningen av askosporemodning. Sammenfaller normalt med dato for "Grønn spiss" (se beskrivelse)
timeZone - Hvilken tidssone man befinner seg i. Viktig for å beregne døgnverdier (midnatt-til-midnatt). I Norge bruker man primært "Europe/Oslo". For liste over tidssoner, se her: http://en.wikipedia.org/wiki/List_of_tz_database_time_zones
observations - Liste med måledata. Følgende parametre kreves:
* TM - Gjennomsnittstemperatur (Grader Celcius)
* BT - bladfukt (Minutter pr. time) HVIS du ikke har bladfukt, må du levere UM (relativ luftfuktighet). Da vil vi beregne bladfukt.
* RR - nedbør (mm)
Dette må alle være timedata, og det må være komplette timeserier i samme tidsperiode.
startDateAscosporeMaturity må naturligvis falle innenfor perioden hvor man har måledata.
Dette er teknisk informasjon for modellutviklere og programmerere
{ "loginInfo":{ "username":"example", "password":"example" }, "modelId":"APPLESCABM", "configParameters":{ "timeZone":"Europe/Oslo", "startDateAscosporeMaturity":"2012-03-25", "observations":[ { "timeMeasured": "2012-03-25T00:00:00+02:00", "elementMeasurementTypeId":"TM", "logIntervalId":1, "value":2.937 }, { "timeMeasured": "2012-03-25T00:00:00+02:00", "elementMeasurementTypeId":"RR", "logIntervalId":1, "value":0 }, { "timeMeasured": "2012-03-25T00:00:00+02:00", "elementMeasurementTypeId":"BT", "logIntervalId":1, "value":0 } ] } }